Andreas Reutz
Akvarell — 2024
Unikt kunstverk
Kjøp nå for 4 500 kr
15 x 21 cm
Dette kunstverket er tilgjengelig for investering.
Totalt antall andeler
Tilgjengelige andeler
Deleiere
Når du kjøper andeler i kunstverk, godtar du våre Transaksjon og Kunstverk deleierskap vilkår
2029
Auksjoneres bort
3 500 kr
Minimumspris
4 500 kr
Kjøp nå for
Ved kjøp av kunstverket godtar du våre Transaksjons- og Kunstverkkjøpsvilkår
Madonna Complex og tar utgongspunkt i Hore-Madonna komplekset som skildrar tilstanden når det ein lyster og det ein ønskjer er uforeinelege med kvarandre. Ved å gå heilt nær skaper kunstnaren ein intimitet i motiva som skil seg frå den føregåande serien.
Ubehaget i Palpitatingberor seg i stor grad på ein voyeuristisk tilnærming til kropp og mennesker i eksplisitte situasjoner og framstillingar. I Madonna Complex er det derimot dei emosjonelle reaksjonane vi er vitne til som skapar eit ubehag av å vere for nær. Andletet avslører og blottleggjer dei portretterte menneska i sine augeblikk av ekstase, skam, sinne, redsel, usikkerheit og avsky.
Motivas materialitet og bruken av vassmåling er heller ikkje ubetydleg. Akvarellens natur blir i serien eit vidare symbol på menneskets natur. Det er eit medium som krever både presisjon og kontroll for å skape eit samanhengande og heilskapleg motiv. Ved å la det farga vatnet renne utover arket tillet kunstnaren seg sjølv å, tilsynelatande, gje slepp på noko av denne kontrollen. Til trass for dette «tapet av kontroll» frå kunstnarens side, er det inga tvil om at det nettopp krevast ein enorm kontroll for å skape ein komposisjon i slik detalj med eit så uhandterleg medium. Det er med andre ord eit spel for galleriet.
Bruken av akvarell som teknikk i seg sjølv kan også vidare tolkast som eit symbol for seriens overornda tematikk; måten det farga vatnet rører seg over papiret samstundes som det sakte trekker seg inn i det og blir ein del av dets materie, er i seg sjølv symbolsk og kan minne om korleis lyst og skam kan skylle over eit menneske og sakte bli ein permanent del av dets mentale og seksuelle haldning.
